• Skjongholm

Skjongholm – garnbåten frå Hovden

Skjongholm driv tradisjonelt heilårs garnfiske etter torsk, sei og lange – med andre artar som hyse, lyr, breiflabb, lysing, brosme, kveite og steinbit som bifangst. Skjongholm har 17 tilsette fordelt på 2 skift. Å fangste med garn gir i hovudsak stor fisk som passar til klippfiskproduksjon. Derfor blir mesteparten av fisken frå Skjongholm kjøpt av norske anlegg og vidareforedla i Norge.

Seifiske
Skjongholm driv fiske etter sei på gytevandring i januar, februar og mars. Det foregår i hovudsak i Nordsjøen og på Mørekysten/Haltenbanken. Dette garnfisket har lange tradisjonar der båtane konkurrerer og samarbeider om den store fangsten.

Torskefiske
Skjongholm fiskar torsk eller skrei i Lofoten i mars/april. Dette tradisjonsrike fiske av Norges eldste eksportprodukt er noko både mannskap og reiar ser fram til. Foruten den økonomiske gevinsten er det mykje aktivitet og hendingar som gir kvardagen noko ekstra.

Nordsjøen / vest av Shetland
Skjongholm driftar store deler av året i Nordsjøen frå mai til desember. Der går vi etter fisk på beitevandring, som gir stor variasjon av artar i fangsten. Vi kan også i periodar vere på jakt etter sei –  eit fiskeri som skipperane på Skjongholm set stor pris på.

Miljø og verdiskaping
På Skjongholm er vi beviste på ansvaret det er å forvalte Norges fiskeriressursar. Derfor prøver vi å fangste så skånsomt som mulig med tanke på miljøet. Garn er ein svært selektivt måte å fangste på, med lite småfisk og null utkast.I  Norge har det oppstått ein misoppfatning at all fryst fisk blir sendt ubehandla ut av landet. Vår garnfisk er stor fisk som klippfiskprodusentane i Norge brukar i sin produksjon. Så sjølv om den vert fryst blir den brukt i produksjon med høg verdiskaping for Norge. Når ein då veit at 1 fiskar på havet skaper 4 arbeidsplassar på land er det stor verdiskaping når Skjongholm drar på havet med heilnorsk mannskap.